Utlyst stilling
Har du lyst til å gjere ein større forskjell frå ein mindre stad?
50 nye traineestillingar ventar på deg i Vestland. For å søke må du vere nyutdanna eller vore maks tre år i arbeid etter utdanning. Oppstart er hausten 2023.
Som trainee i Framtidsfylket får du ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv. I tillegg til fast jobb i eitt år, er du del av eit sosialt nettverk av trainear.
Vi tilbyr:
- Eitt år med arbeidserfaring og personleg utvikling
- Innsyn i næringslivet i Vestland
- Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
- Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
- Studietur til utlandet
- Vestlandet 💚