Utlyst stilling
Vil du vere med å utvikle kompetanse- og næringsområdet?
Vi ser etter en ny kollega som ønsker en karriere innan økonomi og offentleg forvaltning. Er du glad i å arbeide med tall, samt interessert i å lage og formidle gode analysar? Da er du den vi leitar etter!
Hos oss vil du få moglegheita til å jobbe tett på heile kompetanse- og næringsområdet, og vere ein del av eit fagleg dyktig økonomi-team. Vi arbeider med å få på plass økonomiske rammer for dei ulike områda vi er sette til å forvalte.
Arbeidsoppgåver
Vårt økonomi-team jobbar med ei rekke oppgåver som til dømes koordinering av arbeidet med økonomiplan med handlingsprogram, budsjett og rapportering, rekneskapsføring, fakturabehandling, løn og personaloppgåver.
Dine arbeidsoppgåver vil omfatte budsjettering, rekneskap/prosjektrekneskap, innkjøpsanalysar, rapportering og formidling.
I tillegg vil du arbeide tett saman med næringsområde med tilskotsforvaltning og oppfølging av økonomi knytt til internasjonale prosjekt.
Kven ser vi etter?
Som vår nye rådgivar økonomi har du:
- høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, helst på masternivå.
- gode munnlege og skriftlege formidlingsevner på norsk.
Relevant erfaring er en fordel
Nyutdanna blir oppfordra til å søke på stillinga. For oss tel ikkje praktisk erfaring som alt, men kva du først og fremst kan tilføre i stillinga og teamet vårt.
Som person er du systematisk og nøyaktig, og likar å sjå samanhengar. Du blir motivert av utvikling og framdrift, samt klarer å prioritere arbeidsoppgåver og kan levere raskt på bestillingar med korte fristar. Du har sans for formidling og trivast med samarbeid.
Kvifor velje oss
- Kompetanse- og næringsavdelinga: Vi er ei samansett avdeling der ulike fagområda møtest. Saman er vi drivne av vårt samfunnsoppdrag med fokus på utvikling og å vere ein tydeleg medspelar i regionen vår.
- Sterkt fagmiljø: Vi har eit sterkt fagmiljø i avdelinga som verdset kunnskapsutveksling på tvers av våre fagområde. Hos oss vil du få unik innsikt i ei rekke fagfelt og tematikkar.
- Utviklingsmoglegheiter: Du vil få handlingsrom til å utvikle økonomiområdet og moglegheita til å ta i bruk nye teknologiar i tråd med framtidige krav.
- Oppfølging og støtte: Du vil få tett oppfølging i rolla som økonomi rådgivar. For oss er det viktig at du som medarbeidar føler tillit, tryggleik og meistring i arbeidskvardagen. Du vil vere med på å forme din eigen onboardingprosess, slik at vi sikrar at alt ligg til rette for at du kjem godt inn i rolla og oppgåvene dine.
- Fordelar: Du får offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring og løn etter avtale.
Stillinga er lokalisert på fylkeshuset i Molde.
Motivert til å søke?
Vi ser fram til å høyre frå deg! Last opp din CV, vitnemål og relevante attestar. I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ønsker vi at du skriv nokre ord om din motivasjon for stillinga, samt kva du kan tilføre i rolla som rådgivar og til teamet.
Hos oss i kompetanse- og næringsavdelinga ønskjer vi å leggje til rette for at alle kandidatar skal ha like moglegheiter i søknadsprosessen. Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmuntrar alle til å søke.
Dersom du har spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, oppfordrar vi deg til å ta kontakt med assisterande kompetanse- og næringsdirektør Monica Kjøl Tornes.
E-post: monica.kjol.tornes@mrfylke.no
Viss du har spørsmål knytt til korleis rekrutteringsprosessen vår ser ut, og korleis vi kan leggje til rette for deg, ta kontakt med Hedda Sætherskar, HR- og kvalitetsrådgiver på kompetanse- og næringsavdelinga på
hedda.bronnestad.setherskar@mrfylke.no
